Warning
-
WORD Research this...Nehemiah 2
- 1 I nisan månad i det tjugande styringsåret åt Artahsasta, då høvde so at vin stod framfyre honom, tok eg vinen og flidde kongen. Og eg hadde ikkje fyrr synt meg sturen for honom.
- 2 Då sagde kongen til meg: «Kvi er du so sturen? Du er då ikkje sjuk! Dette kann ikkje vera anna enn hjartesut.» Eg vart fælt rædd,
- 3 og eg sagde til kongen: «Må kongen liva æveleg! Kvi skulde ikkje eg stura når byen der federne er gravlagde, ligg i røys, og portarne der er uppbrende?»
- 4 Kongen sagde til meg: «Kva er det du ynskjer?» Då bad eg ei bøn til Gud i himmelen.
- 5 Og so sagde eg til kongen: «Um det tekkjest kongen, og um du eig godvilje for tenaren din, so ynskjer eg å verta send til Juda, til byen der federne mine er gravlagde, so eg kann byggja honom upp att.»
- 6 Kongen sagde til meg, medan dronningi sat ved sida: «Kor lenge vil ferdi di vara, og kva tid kjem du att?» Då det soleis tektest Kongen å lata meg fara, gjorde eg avtale med honom um ei viss tid.
- 7 So sagde eg til kongen: «Um det tekkjes kongen, so lat meg få med brev til jarlarne på hi sida elvi, so dei let meg fara igjenom til dess eg kjem til Juda.
- 8 Og lat meg få brev til Asaf, han som hev tilsyn med den kongelege skogen, so han let meg få timber til portbjelkarne i borgi som høyrer til huset, til bymuren og til huset eg skal bu i.» Kongen let meg få det, av di min Gud heldt si gode hand yver meg.
- 9 Då eg kom til jarlarne på hi sida elvi, flidde eg deim kongebrevi. Kongen sende ogso med meg hovudsmenner og hestfolk.
- 10 Men då horoniten Sanballat og den ammonitiske tenestmannen Tobia høyrde gjete dette, tykte dei det var fælt tregelegt, at det var komen ein mann og vilde søkja det som var til bate for Israels-borni.
- 11 Då eg kom til Jerusalem, og hadde vore der tri dagar,
- 12 reis eg upp um natti, eg og nokre få mann med meg. Eg hadde ikkje nemnt med noko menneskje kva min Gud hadde gjeve meg i hugen å gjera for Jerusalem. Det dyret eg reid på, var det einaste dyret eg hadde med meg.
- 13 Eg drog ut um natti gjenom Dalporten og burtimot Drakekjelda og Møkporten. Eg såg på murarne kring Jerusalem; dei var nedbrotne, og portarne var uppbrende.
- 14 So drog eg burt til Kjeldeporten og Kongedammen; men der var det ikkje råd for dyret å koma fram med meg.
- 15 So drog eg upp i dalen um natti og såg på muren og kom so attende gjenom Dalporten.
- 16 Formennerne hadde ikkje fenge visst kva veg eg hadde fare, eller kva eg emna på. Eg hadde ikkje endå nemnt noko med jødarne eller prestarne eller dei adelborne eller formennerne eller nokon annan som skulde hava med arbeidet å gjera.
- 17 Men no sagde eg til deim: «De ser sjølve kor ille me er stelte. Jerusalem ligg i øyde, portarne er uppbrende. Kom, lat oss byggja upp att muren kring Jerusalem, so me ikkje skal hava den skammi på oss lenger.»
- 18 Eg tala med deim um handi åt min Gud, kor ho hadde synt seg nådig mot meg. Like eins fortalde eg kva kongen hadde sagt med meg. Då sagde dei: «Me vil ganga i veg og byggja.» Og dei styrkte seg til det gode verket.
- 19 Men då horoniten Sanballat og den ammonitiske tenestmannen Tobia og arabaren Gesem spurde dette, spotta dei oss og svivyrde oss: «Kva er det de gjer på?» sagde dei. «Vil de gjera upprør mot kongen?»
- 20 Då gav eg deim dette svaret: «Gud i himmelen vil gjeva oss lukka. Og me, hans tenarar, vil ganga i veg og byggja. Men de hev ikkje anten lut eller rett eller minne i Jerusalem.»
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.